sep 242015
 
Etter arbeid i kveld henta Solveig Lilleskare kleda austevollingar har levert inn til Janne Fammestad på Austevoll Hud, fot og spa i Bekkjarvik.

Etter arbeid i kveld henta Solveig Lilleskare (t.h) kleda austevollingar har levert inn til Janne Fammestad på Austevoll Hud, fot og spa i Bekkjarvik.

Til 50-årsdagen sin i sommar fekk Solveig Lilleskare pengar til ein ferietur frå barna sin. Turen byrjar på laurdag. Då set ho seg på flyet til Hellas for å hjelpa menneske på flukt.

– Kontrasten vart så veldig stor, seier Solveig.
Ho snakkar om strandlivet på Mallorca, der ho sjølv ferierte tidlegare i haust, sett opp mot strandbileta frå Lesvos i Hellas som møtte henne då ho kom heim frå turen. Drukna barn som rek i land …
– Der og då bestemte eg meg for å reisa ned for å hjelpa. Eg las meg opp på situasjonen, og meldte interessa mi til Dråpen i havet, som allereie hadde folk på staden.
Stor pågang av folk som ville reisa ned og hjelpa, gjorde at Solveig venta med dra til det var trong for henne. Førre onsdag bestilte ho flyreisa frå Oslo til Hellas, og dreg på laurdag som ein del av ei gruppe på 18 personar.
– Me 18 vil gå i grupper på tre og tre, men kjem til å samarbeida mykje langs den to mil lange stranda.
Gjennom ei lukka gruppe på Facebook får dei frivillige som reiser ned oppdateringar om kva som kan venta dei, slik at dei kan koma noko lunde førebudde.
– Oppimot 3 000 personar kjem i land her dagleg. Det vert fortalt om folk som har kome vekk frå kvarandre, ei mor som har mista begge barna sine i bombeangrep … Ein må vera førebudde på psykiske reaksjonar.
På stranda vil Solveig mellom anna vera med på å ta imot menneska i det dei kjem i land, pleia sårskadar om det trengst, og tilbreda mat til flyktningane. Mange av dei som kjem, har ikkje ete på fleire dagar.

Solveig Lilleskare bruker gåva ho fekk av barna sine til 50-årsdagen til Hellas-reisa.

Solveig Lilleskare bruker gåva ho fekk av barna sine til 50-årsdagen til Hellas-reisa.

Ekstra bagasje
Solveig arbeider til dagleg i heimesjukepleia, og har berre hatt ein fridag sidan flybilletten vart bestilt. I morgon får ho derimot permisjon i samband med reisa.
Då ho reiser for å drive med flyktninghjelp, får Solveig 20 kilo ekstra bagasje med seg gratis frå flyselskapet.
– Nye sokkar og truser er slikt som er naudsynt for dei som kjem i land, og som det ikkje allereie er kome for mykje av. Dessutan er det plass til ein god del av slikt i éin koffert. Difor spurte eg på Facebook om nokon i Austevoll ville sponsa med dette.
Det tok ikkje mange minuttane før fleire hadde meldt frå om at dét ville dei. Forretningane Litt av kvart på Eidsbøen og Austevoll Hud, fot og spa i Bekkjarvik har dei to siste dagane teke imot leveransar, og i kveld pakkar Solveig det ned i kofferten.
– Dråpen i havet har allereie eit lager med innsamla klede og ting, så dette vil eg prioritera i den andre kofferten og i handbagasjen min, seier Solveig.

Av May Linn Clement