sep 272015
 
Neste helg vonar Morten Storebø (H) og Anja Heggholmen (A) å kunna presentera samarbeidsplattformen sin.

Morten Storebø (H) og Anja Heggholmen (A) har presentert samarbeidsplattformen sin.

Arbeidarpartiet og Høgre er formelt sett samde om avtala som sikrar samarbeidet mellom dei to partia i valperioden. I dag vart avtala signert.

Over 16 punkt klargjer avtala mellom Arbeidarpartiet og Høgre samarbeidet, og satsingsområde. På det potensielt mest krevjande punktet, dei konkurranseutsette tenestene, er det bestemt at ein skal nytta ein uavhengig aktør til å vurdera ei rekkje tilhøve knytt til privatiseringa. For pleie- og omsorg skal kommunen førebua seg på at han kan overta tenestene ved utgangen av inneverande anbodsperiode.

Vidare vert det mellom anna peika på at alle tilhøva ved Storebø skule skal vera ferdig utbygd før elevar kan flyttast frå Trolandshamar. Samstundes må det liggja føre gode analysar for skulekrinsen i nord sine framtidige behov.

Partia vil òg prioritera ein frivillig og fritidskoordinator på øyane og satsa på føreseieleg arbeidsgjevarpolitikk.

Meir om avtala kan du lesa i avisa på torsdag.