sep 292015
 
Silje Blix fortel at grunnen til at ho har eit gult skrivebord, er at denne fargen gjev energi og glede. Samstundes viser ho at den nye nettbutikken hennar òg ber preg av gult.

Silje Blix fortel at grunnen til at ho har eit gult skrivebord, er at denne fargen gjev energi og glede. Samstundes viser ho at den nye nettsida òg ber preg av gult.

Silje Blix (29) opnar i morgon nettbutikken Moods of Design. Konseptet er interiør, møblar og barneklede som gjev folk godt humør.

Lokalavisa møter interiørdesignaren på kontoret hennar heime i Bekkjarvik. Ho har hyller med spesielle og kreative varer og produkt som er vanskelege å få tak i elles i Noreg.
– Eg vil gjera noko nytt og skilja meg ut i mengda, seier ho.
Blix drikk te i ein kopp som ser ut som ein hundesnute når ho fører den opp til munnen sin. Dette er eit av dei mange ulike og unike produkta ho sel. Vonleg vil dei lysa opp kvardagen til kundane.
– Det er kjekt å kunna skapa glede i kvardagen, seier ho med lysande auge.
Ho viser òg fram ei spesiell fuglelampe. Dessutan nokre morosame hjelmar forma som diverse dyr. Populære kort til babyar er endå ei unik vare som ho tilbyr.
Blix fortel at ho har avgjort å starta med nettbutikk, men at ho etterkvart ynskjer å utvida til vanleg butikk.

Du kan lesa meir om nettbutikken i avisa torsdag.

Av Magnhild Rommetveit Fivelstad