okt 052015
 

Nase for nyhende?
Kjærleik for fotografering?
Ein penn som nesten sprekk av skriveklart blekk?

Marsteinen søkjer etter
Journalist
vikariat frå 1. desember 2015 til 30. september 2016
i 100 prosentstilling

Løn etter avtale.
Arbeidsstad: Storebø, Austevoll

Spørsmål knytt til stillinga kan rettast til redaktør Trond Hagenes, mobil 988 74 253 eller per e-post trond.hagenes@marsteinen.no

Søknad med CV m/referansar og eventuelle journalistiske arbeidsprøvar må sendast e-postadressen over eller til Marsteinen, v/ redaktøren, Gamle Prestagarden, 5392 STOREBØ.
Søknadsfrist: Torsdag 15. oktober 2015

Lokalavisa Marsteinen kjem ut i Austevoll kommune, og hadde i 2014 eit godkjent opplag på 2 329 aviser, fordelt på abonnement, laussal og digitale løysingar. Austevoll, ein liten ferjetur frå Bergen eller Stord, er eit av landets leiande miljø innanfor fiskeri, maritim og marin næring. Samfunnet med 5 000 fastbuande er prega av ei sterk skapartrong og korte vegar frå idé til gjennomføring.