okt 062015
 

Den indre hamna i Bekkjarvik er framleis ein ynda stad for turistane i båt. No kan Bekkjarvik verta Årets gjestehavn.

 

Bekkjarvik er med i sjølve finalerunden når Båtmagasinet, tradisjonen tru, arrangerer avstemminga Årets gjestehavn. Saman med Værlandet, Arendal, Stavern, Grimstad og Kulleseidskanalen med i avstemminga, der kvar og ein altså kan stemma via mobilen sin.

Båtmagasinet trekkjer fram at hamna på Selbjørn er vorten utvida, kjøpesenteret opprusta og at gjestgiveriet er ein attraksjon i seg sjølv for matghlad båtfolk. Målretta satsing mot båtfolk er stikkorda.

– Eg er sjølvsagt audmjuk av at Bekkjarvik er med på kåringa, seier Inge Halstensen til lokalavisa, samstundes som han melder om at han har sikra seg eit skalamodell av sjølvaste «Statsraad Lehmkuhl» som skal stillast permanent ut på torget frå om ei lita veke av.

– Modellbyggjaren har vore eit geni, og me gler oss til å visa skipet fram. Her snakkar me verkeleg om at gullet skal heim, avsluttar Halstensen.