okt 082015
 
Mørklagt bru kan vra farleg både for trafikkantar og for skipstrafikken, meiner Alv Terje Økland.

Mørklagt bru kan vera farleg både for trafikkantar og for skipstrafikken, meiner Alv Terje Økland.

Lyktestolpane på Austevollsbrua har vore utan lys i lengre tid. – Skammeleg, seier Alv Terje Økland, som syklar i bekmørket til og frå arbeid. Statens vegvesen, som eig veglysanlegget, seier dei vonar at lyset er attende ved utgangen av neste veke.