okt 122015
 

Bt: Helge André Njåstad (Frp), Steinar Strømme og statsminister Erna Solberg (H) i vandrehallen like etter Stortinget vart opna av Kongen. Foto: Privat.

Han er kanskje den best kledde i øyriket Austevoll – og no har Steinar Strømme (54) vore heidersgjest ved opninga av Stortinget, der han fekk møta både statsministeren og eit koppel frå kongens bord.

Stortingsrepresentant Helge André Njåstad inviterte Steinar Strømme med fylgje til opninga av det 160. storting. I fleire månadar hadde Strømme gledd seg til Oslo-turen, kan personleg assistent Gisle Stevnebø fortelja.

– Helge André kom og tok oss med ut for å eta kvelden me kom, og då sjølve stortingsopninga skulle gå føre seg, bad han oss komma tidlegare slik at han kunne visa oss rundt, seier Gisle og fortel om ei gledesam oppleving for Steinar, som naturlegvis var ulasteleg dresskledd med korrekt lengde på slipset og det heile.

Njåstad ynskte gjestane frå Austevoll – Gisle sin kjærast Anne Gro Gjerde var òg med – i leilegheita si. Sjølv fortel stortingspolitikaren om eit varmt venskap til Steinar. Då han var ordførar stakk Steinar tidt og ofte innom kontoret for ein kopp kaffi, og dessutan har dei vore på Sydentur saman, og som ordførar stilte Njåstad ofte opp på Club Austevoll-arrangementa til NFU Austevoll.

 

Sakna ei spesiell

Under opninga fekk Steinar og Anne Gro seg strategisk plassering på pressebenken, rett bak vår eigen stortingsmann. Representantar frå både høgsterett, dei væpna styrkane, kongehuset var til stades då Kongen heldt trontala.

– Når konge, dronning, kronprins, heile regjeringa og stortinget er samla, kva er meir naturleg enn at òg Steinar Strømme er med? spør Helge André.

Etter at Kongen hadde teke beina fatt og gått frå nasjonalforsamlinga, vart det høve for æresgjesten til Helge André å vandra kring toppolitikarar me andre berre kjenner frå fjernsynsruta.

– Jau, eg trefte statsministeren. Erna, ja. Ho har eg snakka med i Bekkjarvik òg. Før ho vart statsminister, forklarar Steinar til Marsteinen.

Gisle Stevnebø listar òg opp ei rekkje statsrådar, og trefte jamvel ein gamal kjenning, kulturminister Torhild Widvey. Ho lurte på korleis den joviale bergensaren hadde hamna på Stortinget saman med Steinar.

– Etter at eg vart spurd om å vera personleg assistent til Steinar, har me etablert eit heilt spesielt band. Når det er noko, er det meg han vender seg til, seier Stevnebø, som tidlegare mellom anna har arbeidd som aktivitetsleiar ved Vestlandsheimen.

Steinar sjølv, som er svoren tilhengjar av Framstegspartiet, mangla diverre dei heilt suverene glasuren på kaka.

– Siv. Siv Jensen. Ho hadde det for travelt til å møta meg. Men ho er så nyyydeleg, altså, seier Steinar med eit drøymande blikk med finansministeren i mente.

 

Av Trond Hagenes