okt 122015
 
"Radek" forsvinn denne veka. Reiar Arild Sekkingstad har erstattingsfartøy i ermet.

«Radek» forsvinn denne veka. Reiar Arild Sekkingstad har erstattingsfartøy i ermet.

 

Arild Sekkingstad, som er dagleg leiar, fortel at ”Radek” er selt til eit selskap i Mauritania i Afrika. Han seier at det er kjedeleg, men samstundes ein del av ein langsiktig strategi.

 

Han opplyser om at dei gjorde ei vurdering for sal og at dei avgjorde å selja fiskebåten ”Radek”. Han skal leverast på tysdag.

– Me held på å skaffa oss eit erstatningsfartøy og dei tilsette vil ikkje mista jobbane sine.

Kontrakten for salet vart underskrive for fjorten dagar sidan.

– Åtte år med ”Radek” er forbi så det er klårt at det er litt kjedeleg, seier skipperen.

– Men me er ferdig med årets kvoter. Det vart få dagar ute i år og litt større omsetnad enn i fjor, legg han til.