okt 122015
 

 

Morten Storebø (H) overtek ordførarkjeda og klubba frå Renate Møgster Klepsvik (Frp).

 

Austevoll kommunestyre konstituerte seg i ettermiddag, og Morten Storebø og Høgre overtok med det formelt sett ordførarklubba. På torsdag kan du lesa portrett av den 17. ordføraren i Austevoll-historien.

Møtet vart eller prega av val til politiske utval, men etter framlegg frå Framstegspartiet gjekk lokalpolitikarane i det nye kommunestyret samrøystes inn for å redusera foreldrebetalinga til kulturskulen med 10 prosent neste budsjettår.