okt 152015
 
Biletetekst: Ann Kristin Hagen og Henriette Mathisen administrerer årets TV-aksjon frå Servicekontoret i kommunehuset i Austevoll. Dei er nøgde med at nok bøssebærarar har meldt seg og oppfordrar folk til å ha kontantane klåre på sundag.

Ann Kristin Hagen og Henriette Mathisen administrerer årets TV-aksjon frå Servicekontoret i kommunehuset i Austevoll. Dei er nøgde med at nok bøssebærarar har meldt seg og oppfordrar folk til å ha kontantane klåre på sundag.

Det er viktig at du har teke ut kontantar til årets TV-aksjon, slik at du kan bidra med å redda regnskogen, meiner Ann Kristin Hagen og Henriette Mathisen på Servicekontoret.

Det er allereie nok bøssebærarar som har meldt seg til aksjonen på sundag. Lokalavisa møter Hagen og Mathisen på kommunehuset, som er med og administerer TV-aksjonen. Dei har på seg flotte grøne t-skjorter, som minnar om temaet til aksjonen: I år handlar det om å verna regnskogen.
– Me er i mål med bøssebærarar. 55 personar har meld seg. No gjeld det berre at folk har hugsa å ta ut kontantar til dei kjem på døra, seier Hagen.

Verna regnskogsområda
Pengane frå årets TV-aksjon skal gå til å verna nokre av dei største regnskogsområda i verda i Peru, Brasil, folkerepublikken Kongo og på øya NY-Guinea. Midla som vert samla inn går til Regnskogfondet, som arbeider med dette.
I brosjyren til årets TV-aksjon står det fylgjande: ”Gjennom årets TV-aksjon skal me verna regnskogen for kommande generasjonar og for dei menneska som har regnskogen som heimen sin.”
Regnskogen i verda er under eit valdsamt press. Kvart einaste minutt forsvinn det store regnskogsområde og desse er borte for alltid. Regnskogen forsyner verda med mat, vatn og medisinar. Han bidreg òg med å redda klimaet på kloden. Det er ei utfordring at dei mange menneska som er avhengige av regnskogen vert drive ut i fattigdom når skogane vert øydelagt. Pengane frå årets TV-aksjon går til arbeidet Regnskogfondet gjer med å verna regnskogen i samarbeid med dei menneska, som bur der.

Folk stiller opp
Det kjem fram at Hagen og Mathisen på servicekontoret har oppfordra lag og organisasjonar til å bidra med å vera bøsseberarar. Dessutan har dei ringt rundt for å få tak i folk. Innbyggjarar i Austevoll har ikkje vore vanskeleg å spørja.
– Det har vore enkelt å få tak i bøssebærarar, seier Hagen.
– Folk stiller opp. Det er ofte dei same som er flinke og går dei faste rutene. Dei tek det som sundagstrim, seier Mathisen.