okt 162015
 

FullSizeRender
I dag har Malin og Magnhild trekt dei tre vinnarane av Marsteinen sin «ny-abonnent-kampanje».

Sjå filmen: Her er dei tre vinnarane!

Alle som har tinga eit abonnement på Marsteinen mellom 15. september til 15. oktober – om det så er til seg sjølv eller i gåve til andre – har vore med i trekkinga om ei hotellovernatting og Vinskvetten-show i Bergen. Heile 54 nye namn var med i potten! Vinnarane vil bli kontakta i løpet av neste veke.
Me i Marsteinen vil takka alle dei nye abonnentane våre, og skal gjera det me kan for at de vert nøgde med produktet.
Ha ein fin haustdag og ei god helg!