okt 212015
 
Småskulen arrangerte vaffelkafé i samband med butikkopninga på Møkster i går. Frå venstre sit Astrid Mehus Sunde, Emma Nordvik, Milian Børnes Mørk, Jona Børnes Mørk og Helge Nordvik med vesle Storm Emil på fanget. Foto: Ådne Thommasen.

Småskulen arrangerte vaffelkafé i samband med butikkopninga på Møkster i dag. Frå venstre sit Astrid Mehus Sunde, Emma Nordvik, Milian Børnes Mørk, Jona Børnes Mørk og Helge Nordvik med vesle Storm Emil på fanget. Foto: Mona Mørk.

I dag opna nye Møkster butikk, som har flytta inn i næringsparken i det gamle pakkeriet. Dei yngste elevane frå skulen arrangerte vaffelkafé for butikkgjestane.

I samband med flyttinga, har det kome ynskje om at snøggbåten M/S «Tjelden» òg endrar stoppestaden sin på øya. Kaptein Yngve Kjellevold seier til Marsteinen at dei ventar på godkjenning frå fylkeskommunen om å få leggja om ruta til kaien ved butikken.
– Inntil vidare går me der me alltid har gått, men treng butikken oss, så går me dit òg. Me tilpassar oss, men om eit par veker vonar me å ha det faste stoppet der butikken er, seier Kjellevold, som har fått indikasjonar frå øyfolket om at dette er ynskjeleg.