okt 222015
 
 Det kan vera duka for mange spanande smakar på sundag. Her frå ein krydderbasar i Istanbul. Foto: KIVILCIM PINAR.

Det kan vera duka for mange spanande smakar på sundag. Her frå ein krydderbasar i Istanbul. Foto: KIVILCIM PINAR.

Internasjonal smaksfest er eit høve til å bli kjend med flyktningar. Du får smaka på ulike nasjonale retter og kan læra om kulturar.

Austevoll kommune inviterer til å trimma smakssansen. Arrangementet finn stad på Austevoll ungdomskule denne helga. Det vert oppfordra til at alle skal ta med seg eit lite fat med typisk nasjonal mat.
– Saman dekker me eit bord med mange ulike rettar frå blant anna Somalia, Litauen og Polen, seier Amanda Haugen.
Ho er flyktningkoordinator i kommunen. Haugen gler seg og håpar på mange frammøtte.
– Barn kan òg vera med, fortel ho.
– Folk kan pynta seg og gå med nasjonal drakt viss dei vil, legg ho til.
Haugen meiner at dette kan vera ein viktig start for flyktningane til å bli kjend med dei som bur i Austevoll.