okt 232015
 
Fjerdeklasse syng Elektrisk

Fjerdeklasse framførte to låtar, derav ein klår hit blant elevane: Elektrisk av Marcus og Martinus.

Kva FN gjer for barn i verda, stod sentralt då Storebø skule i dag markerte organisasjonen sin 70-årsdag.

Høyr femteklassingane Hedda Mortvedt Haugsmyr (9) og Julia Benedikte Hausberg (10) fortelja litt om FN:

På Storebø skule gratulerte barna kvarandre med dagen i dag.
– Det er jo ikkje før i morgon, men me seier det i dag likevel, kommenterte ei. I morgon er det 70 år sidan FN (Dei sameinte nasjonane) vart stifta, noko elevane har fått med seg.
– Der er FN, sa Matheo W. Skår (6) og peika på den blå og kvite logoen på storskjermen i kultursalen.
– FN finst, og er over alt. FN seier at barna skal ha det bra, heldt han fram, medan han undra seg over kvar FN eigentleg budde.
Skulen markerte dagen med ei FN-samling, som sjetteklassingane hadde ansvaret for. Dei las opp fleire punkt frå FN sin konvensjon om barn sine rettar, som mellom anna at alle barn har rett til leik, fritid og søvn, og vegleia medelevane gjennom programmet for dagen. Ein film om berekraftig utvikling, aktuelle songinnslag frå dei andre klassane og ein livlig dans frå sjuandetrinnet var blant det som fylte opp skuletimen i kulturalen.

 

Av May Linn Clement.