okt 232015
 

Ole Andreas Drønen slår til med ein nye parodi. Denne gongen er det BA- journalist Trond Roger Nydal som får gjennomgå.

Eg har alltid hatt ein fascinasjon for BA sitt brannmagasin. Måten dei formulerer spørsmål på, og den joviale tonen dei har med intervjuobjekta, triggar ei nerve hos meg. Eg laga ein video før nedrykkskampen mot Mjøndalen, og eg syns derfor det var på sin plass å lage ein video også før det etterlengta opprykket til Brann, seier austevollingen, som saman med kameramann fekk intervjua to av dei fremste i raudt same veka som Sportsklubben kunne feira opprykket.