mar 092011
 

Sosialdemokratane Bård Moshagen, John André Njåstad, Ove Fagerbakke, Ingrid Møgster og Rebecca Suphammer meiner Austevoll kommune må satsa ekstra mykje på oppvekstsektoren, og leggja til rette for eit endå betre skuleverk og fritidstilbod utanom den organiserte idretten.

– Det er smakar dårleg når kommunen går i elleve millionar kroner i pluss, etter å ha kutta kraftig i tenestetilboda, meiner Bård Moshagen, som er partiets fjerdekandidat. Sosialdemokratane sin ordførarkandidat Ove Fagerbakke og dei fire andre på topplassane på Ap-lista treff du i papir- eller PDF-utgåva av lokalavisa på torsdag.