okt 272015
 
Inge Halstensen med blomar til Vibeke Møgster og Asta Johannessen etter at tittelen Årets gjestehavn 2015 gjekk til 'Vikje.

Inge Halstensen med blomar til Vibeke Møgster og Asta Johannessen etter at tittelen Årets gjestehavn 2015 gjekk til «Vikje.

Med 34 prosent av røystene, har Bekkjarvik gått til topps i Båtmagasinet si høgthengande kåring av Årets Gjestehavn 2015.

Åtte år sidan hamna sist gjekk til topps i kåringa, kan ein på ny heisa det blå Årets Gjestehamn-flagget i Inge Halstensen sitt tradisjonsrike paradis i sør. Det er lesarane av Båtmagasinet som har stemt fram vinnaren, og resultatet kom tysdag ettermiddag.
Då nyhenda kjem, er Inge sjølv rask på labben med å tinga blomar som han overleverer Asta Johannessen og Vibeke Møgster ved Bekkjarvik Torg.

– Nøgde gjestar er det som betyr mest for oss, enten dei kjem i småbåtar eller i dei litt større, seier Inge Halstensen til Marsteinen.
I nominasjonsteksten heiter det mellom anna at idylliske Bekkjarvik har ein stor gjestehamnskapasitet rundt eit særs flott anlegg, der gjestgjevarstaden inngår som ein attraksjon for matglade båtfolk. Bekkjarvik satser målrettet på båtturisme, og kan tilby et svært moderne anlegg med førsteklasses fasiliteter.

– Me har nytta utmerkinga i 2007 heilt fram til i år. No kan me hengja begge på sidan av kvarandre i marknadsføringa, smiler Vibeke Møgster og Asta Johannessen.

Blant dei seks nominerte hamnene ser prosentfordelinga slik ut:

1. Bekkjarvik, 34 %
2. Kulleseidkanalen, 29 %
3. Værlandet, 18 %
4. Arendal, 8 %
5. Grimstad, 8 %
6. Stavern, 3 %