okt 292015
 
Brannsjef John Levi Weløy held den nye fylgjesvenen sin i høgrehanda, og den pensjonerte radioen i venstre. Dei vil seia, for aksjonar på sjø nyttar ein framleis det gamle VHF-sambandet frå 1985, så dei gamle radioane er ikkje museumsgjenstandar heilt enno.

I går, klokka 12:00 presis, vart Austevoll brann og redning kopla på det nye digitale sambandet Naudnett.

Det byrja på Austlandet, kom så til Sørlandet og oppover mot Rogaland. I går kunne dei 30 brann- og redningstenestene i Hordaland endeleg kopla seg på Naudnett. Eit stort framsteg, kan brannsjef John Levi Weløy fortelja.
– For publikum vert det ikkje noko skilnad – dei ringer framleis 110 for å varsla om brann. Det er me som arbeider innanfor redningstenestene som opplever utviklinga, seier Weløy.
Frå telefonapparatet mannskapet på 20 no ber med seg, kan dei no snakka saman i ulike talegrupper, både innvortes i brannmannskapet og saman med lege og politi.
– Me har aldri kunna snakka med politiet på eige samband før. Det nye nettet opnar for heilt andre moglegheiter i ein aksjon, seier brannsjefen.

Les heile saka i Marsteinen i dag.