okt 312015
 

1150 tonn norsk vårgytande sild til ein pris av 7,65 levert til Danmark. Det vart fasiten etter berre ein tur i Norskehavet for ringnótaren «Hardhaus». Det gav 8,8 millionar kroner på kontoen.

– Me tok alt på fem kast. Silda stod litt djupt og det var noko vind. Var einaste båt på feltet og var ikkje dei heilt store førekomstene der vi var. Fyrst på morgonen kom me borti store og tette flekkar, fortel skipper Ole Inge Møgster til Marsteinen.