mar 092011
 


Ferjeleiet på Hufthamar er for augneblinken ikkje i bruk, då ferjelemmen ligg på halv åtte at M/F ”Trondheim” braste i han klokka 17 i ettermiddag. Eit vogntog om bord i ferja fekk knust framruta i samanstøyten. Ferja gjekk vidare til kaien på Austevollshella, og alle bilane som var oppstilte på Hufthamar, måtte kjøre dit for å koma på. Klokka 17.20 var ferja på veg mot Krokeide att.
Vaktoperatør ved Vegtrafikksentralen, Stian Rosnes, seier til bt.no at ein entreprenør er sendt til Hufthamar for å sjå på skadene av kaien.
Inntil vidare vert kaien på Austevollshella nytta.
(Foto: John Levi Weløy)