nov 022015
 
Vêret bremsar enn så lenge erstattingsferja til M/F "Marstein". Når det blir B-ferje i sambandet er enno uklart.

Vêret bremsar enn så lenge erstattingsferja til M/F «Marstein». Når det blir B-ferje i sambandet er enno uklart.

 

Inntil vidare er det berre ei ferje som trafikkerer Hufthamar–Krokeide. Ferja som skulle ha teke over «Marstein» si rolle i B-ferjeruta, M/F «Melshorn», ligg vêrfast i Ålesund. Grunnen er vanskelege seglingsforhold over Stad. Når ho er i trafikk er enno usikkert.

«Melshorn» er leigd inn etter oppdrag frå Skyss, slik at ein sikrar B-ferja i verkstadsopphalda til det andre FosenNamsos-materialet i Hordaland. Akkurat denne ferja skal vera den einaste tilgjengelege av rett storleik i Noreg, og ho byrja seglinga sørover slik at ho skulle vera i rute frå i dag tidleg. Bylgjehøgda over Stad har likevel gjort dette umogleg.

– Det er no indikert at det på onsdag ser ut til å vera mogleg å gå over Stad – og i så fall med venta framkomst Austevollshella natt til torsdag. Det er venta auka vind og bylgjer seinare i veka, slik at me håpar då at det skal opna seg ei luke i vêret på dette tidspunktet, seier administrerande direktør Grete Fuglem Tennås i Fosen Namsos til Marsteinen.

Når ferja er på plass i rute, avheng ikkje berre om når ho kjem seg i veg sørover, men òg på kviletida til  mannskapet og eit forhold som at denne ferja ikkje har trafikkert Hufthamar–Krokeide tidlegare.