nov 052015
 
Sterk traffikvekst dei siste seks åra er eit tungt argument for meir framtidsretta ferjeruter, meiner austevollordførar Morten Storebø (H).

Sterk traffikvekst dei siste seks åra er eit tungt argument for meir framtidsretta ferjeruter, meiner austevollordførar Morten Storebø (H).

 

19 prosent auke i trafikken på Hufthamar–Krokeide og 27 prosent vekst på Husavik–Sandvikvåg dei siste seks åra er nøkkeltala når ruteproduksjonen for dei nye ferjeanboda skal reknast på.

 

Statistikken viser ein auke på køyretøy på strekninga Hufthamar–Krokeide med 19 prosent sidan 2008, medan det på sambandet i sør har vokse med heile 27 prosent. Auken på ferjene i Austevoll er massiv om ein samanliknar med trafikkveksten elles på fylkesvegnettet, der veksten er på sju prosent.

Hordaland si høgaste verdiskaping per sysselsett – 2,1 millionar per hovud, 709 pendlarar inn til øyane – ein auke på 11 prosent kvart av dei siste ti åra – er saman med ein høg vekst i køyretøy og passasjerar noko av faktagrunnlaget kommunen har fått henta inn frå konsulent Sivilingeniør Helge Hopen AS.

Ordførar Morten Storebø (H) er glad for å ha eit objektiv talmateriale sett saman av ein ekstern fagperson på området.

– Tala viser at me har eit ferjemateriell som er underdimensjonert når me ser på trafikkveksten som har vore dei seinare åra og det me kan forventa i framtida, seier Storebø.

Resten av saka finn du i avisa torsdagen.