nov 062015
 
Så og seia alle Marsteinen-utgåvene frå 1994 og fram til i dag – altså rundt 900 aviser – har fast plass i sofaen til Geir Magnus Haugland.

Så og seia alle Marsteinen-utgåvene frå 1994 og fram til i dag – altså rundt 900 aviser – har fast plass i sofaen til Geir Magnus Haugland.

Nokon samlar på frimerke, andre på fingerbjørger. For Geir Magnus Haugland (44) er det Marsteinen som gjeld.

Han er gjestfri, høfleg og raus med kaffien, men om nokon spør om dei kan få ei Marsteinen-avis frå han, er Geir Magnus klar i tala:
– Då seier eg nei!
Ved sida av han i sofaen heime på Eidsbøen har lokalavisa fast plass. Ikkje berre siste utgåve, men så godt som alle avisene frå 1994 og fram til i dag. Samlinga har fylgd Geir Magnus frå han budde heime i kjellaren hos foreldra på Haugland, via leilegheita på Knivhaugen og til bupelen på Eidsbøen.
– Eg er interessert i politikk, og les Marsteinen kvar veke. Eg likar òg å bla i gamle utgåver, fortel samlaren. Som medlem i Framstegspartiet, bit han seg fyrst og fremst merke i sakene som omhandlar Frp, men synest òg det er spanande med artiklar om NFU (Norsk forbund for utviklingshemma). Ikkje berre les han, men kjem han over noko som er spesielt interessant skriv han det beint fram ned i ei blokk han har liggjande framføre seg. Her har han allereie fleire innspel til Frp sitt valprogram for 2019.

Meir om Geir Magnus og Marsteinen-samlinga hans kan du lesa i lokalavisa i dag.