nov 122015
 
Avhenging av hjelpebehov, vil Austevoll kommune ta i mot oppmot 20 flyktningar i 2016.

Det kan bli teken i mot 20 flyktningar i Austevoll neste år.

Avhengig av kva hjelpebehov dei har, opnar Austevoll kommunestyre døra for å ta i mot inntil 20 flyktningar neste år, med ytterlegare 15 kvart av dei tre etterfyljande åra.

 

Høgre-representanten Grethe Drønen Ringdal peika på at det er naudsynt å vera solidarisk i ei krevjande tid, då ho la fram fellesforslaget frå Høgre og Arbeidarpartiet i kommunestyret.

– Me er ikkje naive. Dette er noko som stiller veldig høge krav til austevollsamfunnet. Det vil ha konsekvensar for budsjettet og det vil setja mange andre krav til oss, sa Drønen Ringdal då ho viste til brevet frå fylkesmannen, som ber kommunen om å ta i mot minst 20 flyktningar i 2016 og minst 15 i 2017, 2018 og 2019.

Rådmannen sitt saksframlegg konkluderte med at ein ikkje kan sjå for seg at Austevoll kommune har kapasitet til å ta i mot så mange nye flyktningar, og peikar på mellom fem til ti nye flyktningar som ein storleik kommunen kan handtera. Eit større tal enn dette gjer at administrasjonen treng tid for å etablera bustadar, tilpassa tenestetilbodet og auka og rekruttera ny kompetanse.

Resten av saka les du på papir eller PDF i dag.