nov 132015
 

Dei 101 elevane ved Trolandshamar skule viser i dag med heile kroppen kva dei meiner om mobbing.

I dag dansar over 300 000 skuleelevar i landet NRK Super sin BlimE!-dans, som i år heiter Dilla på. Det er fjerde året at rikskringkastinga inviterer alle skulebarn til fellesdansen, der skulane sjølve står for filminga og lastar opp dansen sin i ein felles database.

I filmen øvst i saka kan du sjå utdrag frå danseseansen ved Trolandshamar skule, og høyra sjuandeklassingane Håvard Eidsheim (12) og Kristine Njåstad Andorsen (12) forklara korleis ein fellesdans kan hindra mobbing.

Av: May Linn Clement.