nov 262015
 

 

 

Ingen personskade då strøbilen køyrde av vegen i natt.

Ingen personskade då strøbilen køyrde av vegen i natt.

Ikkje nok med at strøbilen køyrde av vegen i natt, men med det kom òg farleg underkjølte vegar fleire andre stadar i Austevoll, ettersom det ikkje vart strøtt.

Like før klokka 04 i natt køyrde strøbilen av vegen ved Vassnes, melder politiets operasjonssentral til Marsteinen. Det vart ikkje meldt om personskade, og det er tinga redningsbil for køyretøyet.

Seinare på morgonen har òg skulebussane hatt problem med å komma seg fram på vegane.

– Det har vore ein kamp i dag tidleg, og det var slett ikkje kjekt å køyra utover mot Grasdalen på den fyrste turen i dag, seier Harald Otterå i Tide Buss til Marsteinen. Resultata av at ein buss stod fast ved Djupavågen og ein annan på vegen mellom Heimark og Kolbeinsvik er mellom anna at bybussen ikkje kjem til å gå frå Stolmen.

– Me kjem til å køyra bybussen frå Rabben, men vil nok nå fram med ruta frå Kalve. Fleire av vanskane bussane har hatt kan sporast direkte til strøbilen om køyrde av vegen i natt, som i fylgje Otterå er bilen som skulle strødd vegen utover mot Drøna og vidare til Selbjørn mot Stolmen.

– Resultatet av vanskane våre i morgontimane er at einskilde barn er vorte skadelidande ved å ikkje komma seg på skulen tidsnok, men me har vore nøydde til å tenkja tryggleik òg, seier Otterå, som òg hadde to bussar ståande fast mellom Trolandshamar skule og rundkøyringa på Hundvåkøy.