des 032015
 
Jostein Blænes og Bente Stangeland vonar austevollingar tek seg ein dukkert i fotoarkiva sine og vert med på konkurransen dei arrangerer.

Jostein Blænes og Bente Stangeland vonar austevollingar tek seg ein dukkert i fotoarkiva sine og vert med på konkurransen dei arrangerer.

 

Har du gode bilete frå Austevoll? Då høyrer gjerne Jostein Blænes og Bente Stangeland frå deg så snart som råd.

I prospektet til Storebø brygge vil prosjekthavarane ha bilete som gjenspeglar det gode livet i Austevoll. Her oppmodar dei fotograferingsglade austevollingar til å ta ein dykk i arkivet sitt.

– Det kan frå teinefiske, bading i ei vik, ein padle- eller sykkeltur – i grunnen kva som helst som representerer livet her ute, seier Bente Stangeland frå Flyfisk, som saman med Jostein Blænes og Helge Møgster står bak prosjektet Storebø brygge.

– Det er mykje frå kommunen vår som kan fengja interesse, og eg eg sikker på at det er mange der ute som sit på fantastiske bilete frå Austevoll, seier Jostein. Duoen ynskjer å få bileta sendt til seg på mail, og helst før du rekk å tenkja deg om.

– Me har litt knapp tid, då prospektet skal vera klart no i desember, seier dei. Innsendarane som får bileta sine på trykk, vert som seg hør og bør premierte.

– Her går me for lokale vinstar, som gåvekort frå verksemder i Austevoll seier Bente.

Prospektet som skal lagast vil innehalda informasjon om prosjektet Storebø brygge ved Gråsidalen, som mellom anna tal og storleikar på leilegheitene som kjem for sal over nyttår.

 

Av May Linn Clement