des 032015
 
Norsk kulturindeks er ei måling Austevoll kommune kjem dårleg ut av.

Norsk kulturindeks er ei måling Austevoll kommune kjem dårleg ut av.

Austevoll kommune kjem heilt nede på 401. plass når Telemarksforskning analyserer norske kommunar sin kulturelle innsats.

 

Øykommunen Austevoll har få av landet sine knappe 430 kommunar bak seg på Telemarksforskning sin årlege Kulturindeks. Ordførar Morten Storebø jublar ikkje akkurat over plasseringa.

– Me har til og med dalt tre plassar frå i fjor. Likevel har me eit ynskje om å styrka kulturlivet, sjølv om me ikkje kjem med nokre svulstige satsingar på budsjettet til neste år, seier ordføraren.

– Rett nok ynskjer me å investera i kultursalen på Selbjørn med 1,8 millionar kroner.

Den enno relativt ferske ordføraren er snøgg til å leggja til at det frivillige arbeidet som vert utført i kommunen er gull verdt.

 

Meir av saka får du i avisa i dag.