des 032015
 

juletre02
Kalenderen seier 3. desember, og juletreet i gangen hos Marsteinen sine kontor i Gamle Prestagarden skulle så gjerne hatt litt stas på seg. Kan du hjelpa oss?

Me tek i mot sjølvlaga juletrepynt, eller annan pynt med ei god historie knytt til seg. Kanskje har du ei spesiell julekule som har gått i arv me kan få låna?
I kvar utgåve fram til jul vil me presentera eit utval av pynten i avisa, så det er ingen grunn til å venta med leveringa.

Kom innom oss, eller send pynten din godt innpakka i posten til Marsteinen, Gamle Prestagarden, 5392 STOREBØ. Hugs å merka pynten med namn og alder om han er heimelaga.

Til siste utgåve før jul, onsdag 23. desember, trekk me ein vinnar blant dei som kjem med juletrepynt. Denne får eit gåvekort på kroner 1 000 hos ei valfri verksemd i Austevoll.