des 042015
 
Julehandel med levande musikk attåt fredag føremiddag.

Julehandel med levande musikk attåt fredag føremiddag.

 

 

Austevollingane har i år blitt utfordra til å støtta dei lokale, og handla julegåvene sine i på øyane. Dette har mange valt å gjere.

Tidlegare denne månaden oppretta Austevoll næringsråd eit arrangement på facebook, der dei skreiv at dei ville utfordra alle austevollingar, hyttefolk, og gjester i Austevoll til å kjøpa 20 julegåver lokalt. Oppfordringa var inspirert av arrangementet Loddo opp 20 gongar i november, der utfordringa var å bevega seg meir heile månaden. Deltakarane som vel å kjøpa julegåvene sine i Austevoll i år slepp ikkje berre å reisa til by’n, dei kan òg stikka av med ein fin premie sponsa av Austevoll næringsråd. Vinsten vert naturligvis kjøpt her i kommunen.

Aukande pågang

Rita Drønen, som jobbar i butikken Amalies hus på Bekkjarvik torg, seier at folk her ute har dei siste åra blitt flinkare og flinkare til å støtta opp dei lokale butikkane, og dei merkar stor pågang no når det nærmar seg jul.

– Eg trur folk set pris på å sleppa lange køar i butikkane i Bergen, og har innsett at veldig mykje kan kjøpast her på øya. Folk gjer seg ferdig med julehandelen her, og tek seg kanskje ein tur til Bergen berre for å kosa seg og finna på noko kjekt i staden for å shoppa, seier Drønen. Fredag føremiddag har mange tatt turen til torget, og mange handlar medan andre nyt ein nysteikt bolle frå Spar, med live pianomusikk i bakgrunnen. Fleire av butikkane på kjøpesenteret merkar pågangen, og dei tilsette er glade for at folk er meir bevisst på å bruka lokale butikkar. Ei av dei som har tatt utfordringa til Austevoll næringsråd er Anette Vik. Ho har bestemt seg for å kjøpa alle julegåver i Austevoll i år, så langt det let seg gjera.

– Me har jo eigentleg alt me treng av butikkar her ute, og då ser eg ikkje poenget med å reisa andre stadar for å handla. Eg synest det er viktig å støtta butikkane viss me framleis ynskjer å ha det gode utvalet som me har no. Anette fortel vidare at ho synest butikkane her ute har veldig mykje fint. Sjølv om nokre av butikkane er dyrare enn andre så finn ho det ho leitar etter, både til store og små. Det er ikkje berre til Bekkjarvik folk tek turen no i førjulstida, kundane strøymer på til Storebøportalen òg. Norunn Christensen hos Gullfisken seier at sjølv om det alltid vil vera noko handelslekkasje, er dei godt nøgde med pågangen frå kundane for tida.

– Eg trur at folk er meir bevisst på å bruka lokale butikkar, og ser verdien i det nære meir enn før. Det er avgjerande for oss for å kunna driva, og det er absolutt ei positiv utvikling.

 

 

Av: Maria Vassnes