des 092015
 
Tor Kenneth Aase er heime etter ein travel periode i Hellas.

Tor Kenneth Aase er heime etter ein travel periode i Hellas.

 

Eit smil, eit letta drag i auga eller dei to magiske orda thank you. Etter ei dryge veke som hjelpepersonell på stranda på Lésvos, er det einskildmenneska ambulansemannen Tor Kenneth Aase hugsar best.

 

– Me driv ikkje med politikk. Oppgåva vår er å hjelpa menneske i naud. Trass i at det er mange fantastiske folk som vil hjelpa, mangla det akuttmedisinsk kompetanse på strendene.

Orda kjem frå Tor Kenneth Aase (39). Han er attende frå den greske øya Lésvos, kjent frå mytologien og historiebøkene, der trongen etter ambulansemannen sin bakgrunn er skrikande. Gravide, nyfødde, barn, kvinner og menn i alle aldrar. Kalde, våte kjem dei seg over Mytilinistredet som skil Orienten og Europa. Til dette drog ti par hender, alle med den akuttmedisisk bakgrunn i helseregionen, i slutten av november, med ynskje om å bidra med det dei kan best.

Resten av intervjuet les du i avisa denne veka.