des 102015
 
M/F "Heilhorn" står i kveld på grunn utanfor Sandvikvåg. Arkivfoto.

M/F «Heilhorn» står i kveld på grunn utanfor Sandvikvåg. Arkivfoto.

M/F «Heilhorn» har gått på grunn ved ein av holmane utanfor Sandvikvåg i kveld i 18:20-tida.

I fylgje Blandet Sunnhordland er 13 passasjerer evakuerte frå ferja, og mannskapet skal framleis vera om bord i fartøyet.

– Det er for tidleg å seia noko om årsaka til hendinga. No er fokus på å handtera situasjonen med fartøyet, få lasta av bilane og deretter få fartøyet i dokk for å konstatera kor store skadane er, seier administrerande direktør Grethe Fuglem Tennås i Fosen Namsos Sjø. Reiarlaget har sett i stand beredskapsorganisasjonen sin i kveld.

Det er ikkje meldt om personskadar i samband med grunnstøytinga.

På redningskøyta «Askerbæringen» fortel overstyrmann Preben Pettersen at «Heilhorn» fortel at dei ikkje tek inn vatn.
– Akkurat no held me på å leggja ein vidare slagplan, men sjølv om det er vanskeleg å seia akkurat no, trur eg ikkje det er fare for skipet, seier Pettersen til Marsteinen.

Evakuering av passasjerar frå M/F "Heilhorn". Foto: Frank Håvik.

Evakuering av passasjerar frå M/F «Heilhorn». Foto: Frank Håvik.

M/F «Marstein» er no sett inn i ruta i den grunnstøytte ferja, melder FosenNamsos på nettsidene sine. Dermed er B-ferja nord i kommunen innstilt.