des 112015
 

Torunn Økland tilbyr å husa opptil 450 flyktningar på Navøy.

 

Gründer Torunn Økland har levert inn anbod på drift av flyktningmottak gjennom føretaket sitt Park Design AS. Ho tilbyr UDI til saman 450 mottaksplassar på Navøy, 150 mottaksplaar i Barmen og 30 mottaksplassar på Sjåhaugen på Økland.

Økland stadfestar overfor Marsteinen at ho har levert inn anbod på mottaksplassar, og at ho har informert kommunen om søknaden.

– Austevoll kommune har enno ikkje gitt noko klar melding om kva dei meiner om planane, men landet opplever trass alt ei skrikande trong for asylmottaksplassar, seier Økland til lokalavisa.

I konkurransegrunnlaget frå UDI heiter det at tilbydarane må dokumentera referansar frå likande oppdrag, eller kompetanse frå mottaksdrift eller har utført oppdrag for direktoratet dei siste tre åra.

– Eg har ikkje direkte drive med asylmottak, og reknar med at det skal vera kurant nok å skaffa denne kompetansen vil vege, konstaterer Økland.