des 152015
 

juletre1

Juletreet i gangen hos Marsteinen sine kontor i Gamle Prestagarden har fått fin pynt på seg, men endå er det plass til meir! Vil du hjelpa oss å pynta treet?

 

Me tek i mot sjølvlaga juletrepynt, eller annan pynt med ei god historie knytt til seg. Kanskje har du ei spesiell julekule som har gått i arv me kan få låna? Kom innom oss, eller send pynten din godt innpakka i posten til Marsteinen, Gamle Prestagarden, 5392 STOREBØ. Hugs å merka pynten med namn og alder om han er heimelaga.

Til siste utgåve før jul, onsdag 23. desember, trekk me ein vinnar blant dei som kjem med juletrepynt. Denne får eit gåvekort på kroner 1 000 hos ei valfri verksemd i Austevoll.