des 162015
 
Amund Drønen Ringdal. Ny statssekretær i Samferdselsdepartementet.

Amund Drønen Ringdal. Ny statssekretær i Samferdselsdepartementet.

Amund Drønen Ringdal (H) vert statssekretær for Ketil Solvik-Olsen (Frp) i Samferdselsdepartementet.

– Eg skal rett i møte med Vegdirektoratet etter eg får nøklane til kontoret, seier den nyutnemde statssekretæren til Marsteinen. Han flyttar dermed frå Nærings- og fiskeridepartementet, og tolkar det som eit steg opp i den politiske karrieren.

– Det er med kolossal glede eg tek fatt på jobben, sjølv om det er litt vedmodig å forlata fiskerifeltet, seier austevollingen. I førre veke fortalde kona Gunn Cecilie at ho hadde skrive brev til Samferdselsdepartementet, og ektemannen måtte plent helda tann for tunge og ikkje fortelja om den nye jobben.

– No kan me jo ta den praten over frukostbordet, smiler Amund til lokalavisa.