des 272015
 
Personbilen hadde fått seg ein kraftig trøkk etter at føraren mista kontrollen på køyretøyet. Foto: Trond Hagenes

Personbilen hadde fått seg ein kraftig trøkk etter at føraren mista kontrollen på køyretøyet. Foto: Trond Hagenes

Ein privatbil mista i ettermiddag kontrollen på glatta like nord for Vikkrysset. Politiet har enno ikkje avhøyrt føraren, som er teken til sjukehus saman med ein passasjer.

Dei to i bilen, ei kvinne på 24 og ei kvinne på 16 har begge statusen lettare skzdde går det fram av pressemeldingstenesta til Haukeland universitetssjukehus.

– Me veit enno ikkje noko om skadeomfaget, konstaterer politibetjent Kopperud ved Austevoll lensmannskontor. Han opplyser om at det berre var eitt køyretøy involvert i ulukka.

Klokka 16 var bilberging i gang og trafikken vart dirigert manuelt på ulukkesstaden.