jan 082016
 
Austevoll kommune har ikkje kontrollert tjukkelsen på isen i ferskvatna på øyane.

Austevoll kommune har ikkje kontrollert tjukkelsen på isen i ferskvatna på øyane.

– Me kan slett ikkje gå god for at det er trygt og ferdast på nokre av vatn i Austevoll, seier leiar for forvaltning, drift og vedlikehald i kommunen, Olav Jarnes til Marsteinen. Han er uroa over ei rekkje meldingar på sosiale medium om at isen på vatna er tjukk nok.

– Dette er noko som me sjekkast særs grundig, mellom anna ved inn- og utløpa til vatna. Det har me alstå ikkje gjort, seier Jarnes.

Lensmannskontoret har heller ikkje sjekka bereevna til potensielle skeisevatn i Austevoll.