jan 112016
 

 

 

 

Fylkesadministrasjonen lettar litt på sløret for kva som vert innhaldet i rutepakkane som skal  lysast ut på anbod i februar. Arkivfoto: "Vikingen" går frå kai på Hufthamar.

Fylkesadministrasjonen lettar litt på sløret for kva som vert innhaldet i rutepakkane som skal lysast ut på anbod i februar. Arkivfoto: «Vikingen» går frå kai på Hufthamar.

Fylkeskommunen er straks i gang med den politiske handsaminga av konkurransegrunnlaget for ferjedrifta til og frå Austevoll. Sakspapira presenterer ambisjonar på miljøfeltet.

Denne veka kjem grunnlaget for konkurransegrunnlaget for ferjedrifta på mellom anna Hufthamar–Krokeide og Husavik–Sandvikvåg opp på fylkespolitikarane sitt bord. Miljø og samferdsleutvalet får administrasjonen si vurdering kva kostnadar krava til miljøvenleg drift kan føra med seg.

Det vert lagt opp til minstekrev i personbileiningar frå dagens 225 til 230 på Hufthamar–Krokeide og frå 35 til 38 på sambandet i sør. Det vert i den politiske saka ikkje vektlagt særleg tryggleik for dei reisande, men konstatert at dei to fartøya som skal trafikkera Krokeide – Hufthamar skal ha azimuth eller liknande teknologi for å sikra skyvekraft i alle retningar.

Kontraktslengda i rutepakke 1, vert lag til ti og tolv år, for sambanda til Austevoll gjeld det lengste alternativet, det til seia frå 1. januar 2018 til 31. desember 2028. Sambanda våre vert i saksutgreiinga nemnt med 35 prosent hybrid plug-in teknologi (Hufthamar–Krokeide) og batteri (Husavik–Sandvikvåg), og ulike meirkostnadar og finansiering vert analysert. Tala peikar òg på at krav om nybygg utløyser vesentlege meirkostandar samanlikna med å berre krevja miljøvenlege framdriftsløysingar.

Meir om ferjeprosessen får du i avisa på torsdag.