jan 142016
 
"Hardhaus" på sildefeltet. No trengst det betre argumentasjon frå fiskarane si side.

«Hardhaus» på sildefeltet. No trengst det betre argumentasjon frå fiskarane si side.

Havforskingsinstituttet må ta innover seg at forvaksne pelagiske bestandar gjev ubalanse i økosystema i havet, meiner havforskar Jens Christian Holst. No vil han byggja bru mellom forskinga og fiskarane.

 

”Harvest” og ”Hardhaus” er blant båtane som har samla inn data til det som har fått namnet Pelagisk dugnad, som er fiskarane sin eigen innsats for ei betre fiskeriforvaltning. Det faglege arbeidet vert leia av havforskar Jens Christian Holst, som tidlegare arbeidde for Havforskiningsinstituttet. Fyrste fokuspunkt er sildebestanden.

– I 2008 fjerna havforskinga gytebestandtoktet i februar, og prioriterte maitoktet havet som inntil då hadde gitt eit jamnare og kanskje meir korrekt faktagrunnlag. I 2010 hadde bestanden vakse seg så stor at silda, grunna matmangel, om våren har stått avmagra i store slør ute i havet. Dette har ikkje maitoktet kunna fanga opp, seier Holst og peikar på metodar som ein tilleggsforklaring.

Austevollbåtar på feltet

Denne veka var to austevollbåtar i aksjon og fann store konsentrasjonar av sild lang til havs, noko som er med på å styrka argumentasjonen til Pelagisk dugnad om at bestanden er større enn det kvoterådet skulle indikera.

HI svarar at dei ikkje sit inne med datagrunnlag som støttar at ein etter 2009 har underestimert sildebestandane.

– Det er riktig at fiskarane sine observasjonar av sild til havs gjev indikasjon på at ein under gytetoktet i 2015 kunne underestimert fordi noko sild var utanfor dekkingsområdet. Det er usikkert hvor mykje dette kan vera då det ikkje er gjennomført mengdemålingar av det som overvintrar i havet, innvandringa til kysten og om han vart fanget opp av gytetoktet, kommenterer Havforskingsinstituttet.

Les meir på papir eller PDF denne veka.