jan 162016
 
Kropp i ulage og sure minusgrader førte til at NM ikkje vart som Hanne Haugland hadde vona. Foto: Sander Hvammen.

Kropp i ulage og sure minusgrader førte til at NM ikkje vart som Hanne Haugland hadde vona. Foto: Sander Hvammen.

Kraftige 17 minusgrader og ein kropp som ikkje spelte på lag, gjorde at Hanne Haugland trekte seg frå NM-sprint etter gjennomført 500-meter.

– Eg trekte meg frå resten av mesterskapet etter samtale med trenar. Skal på vidare sjekk på mandag etter hendinga i førre veke, seier Hanne Haugland og refererer til eit illebefinnande, som resulterte i innlegging på sjukehus. No vonar å få klare svar og komma attende for å sikra seg uttak til verdscupen.