jan 252016
 
Nikolai Medle Bjånesøy og Jeanette Heggen ser fram til å va viktige støttefunksjonar under ungdoms-OL.

Nikolai Medle Bjånesøy og Jeanette Heggen ser fram til å va viktige støttefunksjonar under ungdoms-OL.

 

Det nærmar seg med raske steg, Youth Olympic Games i Lillehammer. To austevollingar er med og syt for at arrangementet går å skjener.

 

På idrettsbanen står dei i frosten, Nikolai Medle Bjånesøy og Jeanette Heggen. Vinteren kom brått. Duoen har både fått æra og ansvaret for å gjera at Ungdoms-OL som går av stabelen 12. februar, til ei fantastisk oppleving for dei som er tilstades. Austevollingane er i hovudsak problemløysarar. Treng arrangørane nokon til å selja pølse, er ungdommane på staden. Treng ungdoms-OL nokon til å grava etter eit snøskred, er dei på staden – eller treng dei nokon til å rettleia kronprinsen, skal dei vera der. Vegen fram mot sjølve arrangementet har ikkje vore kort.

Godt rusta

Dei to ungdommane har vore på fleire kurs, blant anna eit intensivt leiarkurs i oktober, der dei var frå klokka 09- 21, kvar dag. I Lillehammer har dei og vore to gongar til no, der dei skal vera under sjølve OL. Sidan hausten 2013 har dei vore på ein del kurs i året og dei trur at har fått vore mykje god kunnskap og nyttige kurs. Spesielt trur dei at dei får stor nytte av leiarkursa. Neste helg ber turen til Voss. Då skal OL-elden fraktast nærare OL-byen, med den olympiske fakkelturneen til Lillehammer 2016 Youth Olympic Games. I OL-byen frå 1994 skal dei unge austevollingane vera med når elden vert tent. OL- elden vert bore gjennom kvart fylke, i staden for igjennom heile landet.

Jeanette og Nikolai skal få æra av å vera med på denne fakkelturneen, der dei skal få bera elden eit lite stykke kvar på måndag. I skibygda skal dei blant anna stella i stand ulike aktivitetar, der dei skal feira det unge engasjementet for idretten i Hordaland. På kveldstid vert det eit ope arrangement for alle som ynskjer. Her vert det foredrag av Sara Stokken Rott, som blant anna var nominert til Årets eldsjel, samt den gamle alpintkjempa Kjetil Andre Aamodt, Michael Jørgensen og mange andre interessante og aktuelle personar. Jeanette Heggen og Nikolai vonar at alle kjem.

– Det er berre ein liten togtur unna, meiner Nikolai smilande.

 

Med gode kle

Den før opninga på Lillehammer dreg dei. Fly til Gardemoen, deretter to timar med tog til Lillehammer. Utstyret er på plass og sumarfuglane er allereie installerte i magen. Dei har vore heldige og fått skikkelig utstyr frå Helly Hansen. Heile tre jakker, skibukse, hue og anna nyttige plagg.

– Det vert nok kaldt, rundt minus 20 grader, humrar Nikolai. Det heile byrjar med opningssermonien, som også vert sendt direkte på NRK, frå klokka 18.  Ti intense, travle og kjekke dagar står i vente på ungdommane. Dei skal stå på under heile OL, med både kjekke og utfordrande oppgåver. Dei er begge i med i  gruppa Task force.

– Det har også vorte sagt at me er den viktigaste gruppa, me fekk blant anna handhelsa på kronprinsen, glisar Nikolai litt stolt. Sjølv om det vert mykje arbeid, vert det også mykje moro. Blant anna skal Iglo-disko arrangerast, som er ein del av Sjoggfesten.

– Det skjer alltid noko, utandørskino i mange minus på natta, disko og mykje meir, fortel dei engasjerande. Nikolai tør så vidt å tenkja på korleis det vil lukta på guterommet etter alle dei dagane. Stemninga, folka og samhaldet. Dei smilar berre ved tanken.

– Eg kjem ikkje til å få sova mykje i løpet av dei dagane, når eg kjem attende på skulen er eg nok heilt kaka, ler Jeanette. Dei kvir seg allereie til dei må reisa heimatt, frå det dei meiner er ein herleg gjeng. Dei ser fram til å møta utøvarar frå andre nasjonar og å berre vera ein del av opplevinga som både vil sjå godt ut på CV’en deira, samstundes opna døra vidare erfaring. Dei er evig taksame for at klubbane SIL og AIK sytte for at Jeanette søkte og at Nikolai vart meldt på.

– Dette er noko me ikkje ville vore forutan, seier dei til slutt.

 

Av Severin Tøkje