feb 052016
 

iStock_000071699261_XXXLarge

Ein austevolling i 60-åra har dei siste dryge fem månadane vore varetektsfengsla, sikta mellom anna for live-streaming mot mindreårige i utlandet og prostitusjon. 

 

Kripos har sidan 27. august i fjor etterforska ein austevolling for forhold knytt til overgrep mot barn. Siktinga går konkret ut på straffelova sin paragraf 200, der strafferamma er inntil tre år. Det er høve til ekstra straffeutmåling inntil seks år, dersom overgrepa har gått føre seg under særs skjerpande omstende.  Personen vart pågripen 19. august i fjor, og har etter det Marsteinen kjenner til hatt tilhald i Austevoll, sjølv om han er folkeregistrert i ein annan kommune.   I e-post til lokalavisa opplyser presseansvarleg Ida Dahl Nilssen at Kripos overtok beslaga og etterforskinga fordi saka frå starten av hadde eit internasjonalt aspekt. Austevollingen skal ha erkjent live-streaming mot utlandet, noko lokalavisa er kjent med at naboane hans skal ha gitt uromeldingar til Austevoll lensmannskontor om.

 

Menneskehandel

Siktinga mot austevollingen vart utvida 9. november til òg å omfatta at vedkommande har ved vald eller truande åtferd fått nokon til å seksuell omgang med ein annan, eller få dei til å utføra seksuelle handlingar på ein sjølv.  I tillegg kjem det fram at han er sikta under paragraf 224 i straffelova, som omhandlar menneskehandel og prostitusjon. I morgon er det fengslingsmøte i Bergen tingrett. I siste rettsmøte avheldt i Oslo tingrett måndag 1. februar heiter det i slutninga at det enno gjenstår å gå igjennom eit nokså omfattande materiale.  I heile varetektsperioden har austevollingen hatt brev- og besøkskontroll.  Varetektsfengslinga har vorte forlenga grunna omsynet til etterforskinga, og vare for at rettsprov kan verta øydelagde dersom personen slepp ut frå varetekten. Austevollingen er tidlegare straffa for liknande forhold.

 

Trond Hagenes