feb 122016
 

 

Hubroen Troland har teke mykje tid for rektor Vibecke Storebø på skulen på Hundvåkøy. I går kom ornitolog Frode Falkenhaug og fekk teke hand om den sjeldne fuglen.

Falkenhaug med hubroen.

 

Det er slett ikkje kvar dag det dumpar ein utryddingstrua rovfugl ned i skulegarden. Tysdag denne veka fekk rektor Vibecke Storebø ein ekstra krevjande ny elev på Trolandshamar skule.

Raudlista rovfuglar får det til å blinka i lysa til Norsk ornitologisk forening, NOF, som i går rykka ut med avdelingsleiar Lars Ågren og rovfuglansvarleg Frode Falkenberg. Etter at den nye eleven på Trolandshamar, hubroen, naturlegvis forsvann frå skuleplassen då dagen på skulen var slutt, hadde i grunnen både rektor og ornitologane gitt opp fuglen. Son til rektor, Torstein, tok saka i eigne hender og drog til skulen for å finna han.
– Han må ha ørneblikk, for han fann han med ein gong, der me sjølve hadde gått og sett etter han, seier Vibecke til Marsteinen. Heim bar det, og ugla fekk tørka seg på vaskerommet og vart servert både hjortekjøt og vatn. Eit godt teikn, skal me tru fuglespesialistane.

God von
Hubroen er den største uglearten og den som lagar den karakteristiske, djupe ugleskriket i kveldinga. Fuglen er plassert på den norske raudlista, og er altså ein truga art. Utbreiinga er best i kyststorka i Hordaland og Nordland. Aller best er det nordom fjorden.
– Denne fuglen er avmagra, og eg kan kjenna at det er noko feittstoff på vengen. Det kan ha ført til at ho ikkje har klart å fluga lydlaust gjennom lufta når ho har jakta, funderer Falkenberg, som handterer fuglen med dei store, oransje augo og klørne som liknar på to sett med skalpellar, utan verneutstyr. Dermed ventar det zalovask og oppfóring før fuglen eventuelt kan sleppast laus att. Og då nærast mogleg funnstaden.
– Det er særleg viktig for territorielle fuglar som hubroen, seier Ågren, som lovar å halda både skule og lokalavisa sine lesarar oppdaterte på livet til hubroen.

Dessutan har krabaten naturlegvis fått eit namn: Troland, etter funnstaden.