feb 182016
 
Bandoneon, instrumentet argentinarane må ha med når det vert spelt tango.

Bandoneon, instrumentet argentinarane må ha med når det vert spelt tango. Teikning M. L. Clement.

Kultur: Festspillene i Bergen inviterer austevollingane til Argentinas bognande skattekiste når The Piazzolla Orchestra entrar manesjen i Hengjo i slutten av mai.

 

Rett nok er musikarane danske og norske. Rett nok har dei på nesten blasfemisk vis bytt ut stormeisteren sin bandoneon med eit akkordeon. Likevel er det lyden frå bakgatene i den søramerikanske metropolen Buenos Aires som The Piazzolla Orchestra vartar opp med.

Likevel, Astor Piazzolla (1921-1992) var bandoneon-spelaren og komponisten som langt på veg flytta tangoen opp frå dei røykfylde lokala der dei ofte sentimentale, men akk så sensuelle para dansa i tett harmoni. Mezzosopran Andrea Pellegrini i ensemblet forklarar at det ikkje var lett å driva nybrotsarbeid.

– Piazzolla vart truga på livet, han blanda inn element frå mellom anna jazz og klassisk. Det vart for mykje for puristane. I dag er det heller ikkje slik at folk dansar til musikken hans, seier Pellegrini til Marsteinen. Det er framleis musikk for konsertsalane.

Operasongarinna meiner at alder og livsrøynsle er store føremoner i tolkinga av Piazzolla sine vokalparti.

– Medan eg kanskje er i ferd med å verta for gamal for operascena, kjenner eg meg nesten litt for ung for Piazzolla sin tango, humrar ho. Mange har prøvd seg å syngja til tangomeisteren sitt tonefylgje, frå meir utrente skodespelarar til aktørar frå operascenene, slik som henne sjølv. Dei fleste komposisjonane Piazzolla er instrumentale, og Pellegrini vandrar sjølv ut og inn frå scena.

 

Klassisk oppsetnad

Orkesteret som kjem til Austevoll er sett opp med klassiske instrument. Fiolin, bass, gitar og piano er på plass. Likevel har dei bytta ut den litt enklare bandoneonet med det meir komplekse akkordeonet.

– I Argentina skal det vera bandoneon, å skifta det ut med eit anna trekkspel er helligbrøde. Eit akkordeon er nesten som eit orgel å rekna, du kan henta ut fleire stemmer. Sjølv om Piazzolla sa at han komponerte lyden av Buenos Aires, lyder me ikkje som eit argentinsk ensemble, seier Andrea til Marsteinen.

Musikarane opplever at tonane dei har lånt frå Argentina har ein appell som slår til der og då. Noko sjølvstudie i musikken til Piazzolla er slett ikkje naudsynt for å nyta konserten.

– Skal du i operaen og sjå ein Wagner-opera er du nøydd til å lesa deg litt opp på førehand, med Piazzolla sine tonar er det noko heilt anna. Me opplever at det grip publikum, seier Andrea Pellegrini, som trass det latiskklingande namnet sitt ikkje kan skilta med opphav frå storbyen ved Rio de la Plata.

– Nei, eg har budd i Danmark heile livet, men far min er sveitsisk med italienske anar, avsluttar ho.

 Av Trond Hagenes