feb 252016
 
Austevoll Seafood og Arne Møgster leverer både fisk og økonomiske resultat.

Austevoll Seafood og Arne Møgster leverer både fisk og økonomiske resultat.

Austevoll Seafood leverer varene til aksjonærane sine, trass i auka kostnadar i oppdrettselskapa og kraftig redusert fiskeri i Latin-Amerika dei siste åra.

Vel heime etter å ha presentert konserntala for børsfolk og næringslivsjournalistar på tysdagen, konstaterer administrerande direktør i Austevoll Seafood Arne Møgster at dei leverer i tråd med forventningane.
– Ut frå føresetnadane har me hatt et godt kvartal. Spesielt med tanke på at fleire av fiskeria me er involverte i, har sesongar med lite aktivitet i fjerdekvartal, seier den enno unge konserndirektøren.
For heile AUSS-systemet viser mellombelse tal om ein løftar blikket til heile året i 2015 ei inntening per aksje på 3,59 per aksje, samanlikna med 2,76 året i førevegen. Driftsinntektene enda på 15,273 milliardar kroner – ein auke på 929 millionar kroner frå 2014. Styret i konsernet føreslår òg å gje eit utbytte på kroner 2,20 per aksje.

Resten av saka kan du lesa i papir- eller PDF-avisa (kjøp ho her).