feb 262016
 

 

Stig Storebø ser fram til å trena AIK-laget i 2016, sjølv om det eigentleg ikkje var planen hans.

Stig Storebø ser fram til å trena AIK-laget i 2016, sjølv om det eigentleg ikkje var planen hans.

 

FOTBALL: Sterkare fotballfagleg og med strengare krav til spelargruppa tek Stig Storebø fatt på ein nye periode som AIK-trenar.

Austevollherrane får ein gamal kjenning som trenar denne sesongen. Stig Storebø, som hadde ansvaret då oransjetrøyene fekk prøva seg i andredivisjon for ein handfull sesongar sidan, tek nok ein gong på seg trenarfrakken.
– Det er godt å komma attende på treningsfeltet igjen, og spelarane vil nok merka at eg står sterkare fotballfagleg enn ved førre krossveg, seier Stig, som dei seinare åra både har etterutdanna seg i trenarfaget og har trena spelarar på krinsnivå.
Spelartroppen hans ser ut til å verta nokolunde intakt, men han gler seg over mange trenevillige ungdommar som bankar på a-lagsdøra. Å byggja ein pro-aktiv treningskultur er noko som ligg den nygamle trenaren nært hjarta.
– Det er så enkelt at dei som trenar nok for spela. I tillegg til tre treningar i veka, må spelarane driva eigentrening. Ein lyt vera godt trent for å halda 90 minuttar i tredjedivsisjon, meiner han. Noko spelemessig revolusjon kan ikkje Eidsbøen-publikum rekna med.
Denne veka er det òg klart at den gamle AIK-slitaren Arne Møgster vert ny leiar i fotballgruppa.

Av Trond Hagenes