feb 262016
 
Det var fleire timar på dagen i dag der det ikkje gjekk ferje mellom Hufthamar og Krokeide.

Det var fleire timar på dagen i dag der det ikkje gjekk ferje mellom Hufthamar og Krokeide.

 

Dei siste timane har vore prega av usikkerhet for reisande mellom Hufthamar og Krokeide.
­– Dette tek me ikkje lett på, seier ordførar Morten Storebø.

På FosenNamsos sine eigne sider skreiv dei at ”Grunna tekniske problem i sambandet Hufthamar-Krokeide er alle avgangar inntil vidare kansellert.”

Då B-ferja, ”Marsteinen” allereie var ute av drift stod austevollingane utan ferje når ferja ”Trondheim” òg vart innstilt.
Administrerande direktør i FosenNamsos, Grete Fuglem Tennås, fortel til lokalavisa at dei fyrst hadde problem med ein bolt som hadde rykt, som dei ville prøva å fiksa, noko som tok rundt halvannen time. Dei sendte etter dette ut melding til reisande om at ferja var i drift igjen.
Det tok ikkje lang tid før dei måtte senda ut kontrameldingar, og dei reisande måtte belaga seg på endå meir venting.
– Me trudde fyrst me kunne midlertidig utbetra feilen med bolten og vente til midnatt med å bytta den, men det fungerte ikkje, så då må delen bytast no, og me reknar med det tar rundt ein time før ferja er i drift igjen, sa Tennås klokka 15.40.
– Dessverre er det ingen andre tilbod for dei reisande nett no, berre ferja mellom Austevoll og Sandvikvåg på Stord.

Ikkje haldbart

Ordførar Morten Storebø ser på situasjonen som fortvilande, og seier til Marsteinen at dette er ikkje haldbart.
– Me har lenge melde frå om at rutetilbodet til Austevoll ikkje ivaretar behova til samfunnet vårt. Austevoll er ein utruleg sårbar kommune når hendingar som dette skjer – og dessverre kan hendingar skje. Det er få plassar der konsekvensane er like store som i Austevoll, i ein situasjon som denne.
Ordføraren er klar på at dette må gjerast noko med.
– Det er heilt avgjerande å ha to faste ferjer! Når ferjene vert innstilt stoppar samfunnet opp. Dette har store konsekvensar. Me er heilt avhengige av eit skikkelig ferjetilbod her ute. Me ynskjer å ha eit samband som er godt rusta når uhellet er ute.
Storebø har fått fleire reaksjonar i frå austevollingar i dag.
– Eg har fått ein del meldingar og kommentarar. Folk er fortvila over situasjonen. Eg ser på reaksjonane til folket som fullstendig rimelege. Det er fredag, ein dag mange reiser, så at dette skjer på toppen av eit allereie dårlig ferjetilbod er alvorleg.
Morten fortel vidare at dette vil vera ein viktig sak framover.
– Me skal forfølgje saka overfor FosenNamsos og fylkeskommunen, og sikra at dette ikkje skjer igjen. Det er Skyss og FosenNamsos som har ansvaret for sambandet, og når problem inntreff så forventar me at dei finn ei mellombels løysing. Ein er nøydd til å ha ein god beredskapsplan i tilfelle som dette.
No er ferja ”Trondheim” i drift igjen.
                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                      Av Maria Vassnes