mar 032016
 
Møkstringar mobiliserer til formannskapet (f.v): Anne Hammervold, Karsten Inge Møgster, Helge Strømme, Martin Strømme, Inger M. N. Nordvik, Magne Myrvoll, Frances Acosta, Frank-Richard Nordvik og Astrid Mehus Sunde. Foto: Ida Camilla Jarnes.

Politisk ringrev Helge André Njåstad (Frp) føler seg trygg på at dei indre debattane i Høgre og Arbeidarpartiet fører til at Møkster skule vil verta berga.

Etter formannskapsmøtet på måndag trur ikkje tidlegare ordførar Helge André Njåstad (Frp) at det er truleg at det vert noko nedlegging av skulen på Møkster.

– Me fekk i alle høve fram at det er intern usemje i både Høgre og Arbeidarpartiet, men er likevel skuffa over at ingen av partia ville tona flagg i formannskapet, seier Njåstad til lokalavisa. Saman med Senterpartiet var hans eige parti tindrande klårt på at ei nedlegging av skulen, samstundes er ei nedlegging av øysamfunnet.

– Ein skal ikkje gløyma at Austevoll er eit utkantssamfunn, som reknar med spesiell handsaming frå stat og fylke. Me kan rett og slett ikkje gløyma våre eigne utkantar, poengterer Njåstad, som òg drog historiske liner attende til 1886 – då kommunestyret lét Møkster tapa kampen om kyrkja, som vart liggjande i Kvalvågen.

Les kva dei andre politikarane meiner og få kommentarar frå møkstringane her.