mar 102016
 
Lindsey Farningham (27) gliser over smågodtprisane.

Lindsey Farningham (27) gliser over smågodtprisane.

På REMA 1000 blir smågodtet nærast kasta etter deg, og kundar kjøper inn i store mengder for å sikra snopelageret til påske. Til 29 kroner per kilo, minkar snopet i hyllene ganske radig.

 

Medan dei tilsette fyller på godterilaget på harde livet, fortel Lindsey Farmingham (27), frukt -og grønt ansvarleg, at snopehyllene fort blir tømte. Frå i går av og fram til litt før lunsj torsdag, er det blitt seld 424 kilo smågodt, og mengdene augar.

Kvifor det er så billig, er fordi kjeda fylgjer andre REMA 1000 butikkar rundt om i landet når det kjem til priskutt.

– Når fyrst éin butikk byrjar å senka prisane, så gjer jo alle det, og då har me det gåande. Det blir som når andre høgtider spelar inn, relaterte produkt blir billigare. I juletida blir ofte raud -og surkål og forskjellig julepålegg nedsett i pris, og sidan det no dreiar det seg om påske, er det snopet som herskar, fortel Farmingham, og legg til at det ikkje berre er smågodtet som er sett ned i pris, men òg andre påskevarer som for eksempel egg.

– Freia sine populære fylde sjokoladeegg har gått frå om lag 40 kroner til 17 kroner. Vanlege egg er òg blitt billigare enn den vanlege prisklassen sin, med heile tolv kroner.

– Skal me plukka oss litt snop då, gjedna? høyrer eg nokre kundar seia, før dei tek tak i snopespaden og byrjar å grava opp i posane.

 

Av Ida Camilla Jarnes