mar 102016
 
Anja Heggholmen, Ketil Helland og Inga Margrethe Fagerbakke meiner at den einaste måten å sikra raskare gjennomføring av vegprosjekt er å betala for det sjølv.

Anja Heggholmen, Ketil Helland og Inga Margrethe Fagerbakke meiner at den einaste måten å sikra raskare gjennomføring av vegprosjekt er å betala for det sjølv.

 

Vegane på øyane vert aldri gode nok dersom austevollingane ikkje tek skeia i eigen hand, meiner Arbeidarpartiet. No vil dei ha bompengar for å få fart på vegarbeidet.

 

Etter modell frå fleire nabokommunar, ynskjer Austevoll Arbeidarparti at eigne bompengar skal gå inn i finansieringa av sårt tiltrengt utbetring av viktige trafikknutepunkt, skulevegar og flaskehalsar på vegane.

– Det vert neppe gjort noko på vegane dersom me må venta på fylkeskommunen. Der er kassen botnskrapt, seier Arbeidarparti-trioen Anja Heggholmen, Ketil Helland og Inga Margrethe Fagerbakke til Marsteinen. Difor ynskjer dei at bruselskapet vert omgjort til vegselskap, og at bompengar frå sambanda til Austevoll i framtida kan inngå i finansieringa av viktige vegprosjekt i kommunen.

– Folkevekst fører med seg trafikkauke, som vegane våre ikkje er dimensjonerte for, seier Helland, som saman med partikollegane brenn for tryggare skulevegar både for mjuke trafikkantar og bilistar.

Resten av saka finn du på papir eller PDF.